Musikkterapi som kjær-leik : eit karnevalsk skråblikk på forholdet mellom fenomen som leik og musikkterapeutisk improvisasjon
Chapter, Peer reviewed
Date
2008Metadata
Show full item recordCollections
- Artikler og bokkapitler [390]
Original version
I: Perspektiver på musikk og helse : 30 år med norsk musikkterapi, S. 111-121Abstract
Denne teksten er ei grunnlagsfilosofisk drøfting som har som mål å avtyde mi kjensle av slektskap mellom leiken og musikkterapeutisk improvisasjon, ei kjensle som har vakse fram på to måtar: Den eine har med min erfaringsbakgrunn som musikkterapeut å gjere, eit arbeid som omfattar mange år blant barn og unge med psykisk utviklingshemming, autisme og multi-handikap. Her har musikkterapeutisk improvisasjon utgjort ei kjerne, ikkje berre gjennom konkrete handlingar men også i form av haldningar til arbeid. Dette betyr at musikkterapeutisk improvisasjon har prega meg i mine møter med klientar gjennom val av aktivitetar og forma på desse, men han har også hatt innverknad på korleis eg som musikkterapeut tenkjer og teoretiserer om fenomenet. Utan at eg har funne direkte vitskaplege belegg for dette har eg meint at dette kan ha med musikkterapeutisk improvisasjon sin ”leikete” og intuitiv form å gjere. Den andre måten kjensla av slektskap har mogna på, skuldast ei førelesing eg kom over i Odense på 1990-talet haldt av den norske filosofen Kjetil Steinsholt. Her snakka Steinsholt om leiken på ein forfriskande og innovativ måte. Framfor å repetere forståinga om leiken som ein aktivitet som barna tilfeldigvis tyr til, framheva han leiken som noko langt større og meir gjennomgripande: Leiken blei skildra som ein måte å leve på. Denne omtalar han som ”det karnevalske liv”, eit liv som karakteriserast ved delvise og tilfeldige idear, at hendingar skjer og forteljingar oppstår på ny og ny, og at nye relasjonar stadig knytast.
Publisher
Norges musikkhøgskoleSeries
Skriftserie fra Senter for musikk og helse;1NMH-publikasjoner;2008:3