Med songen i hjaret. Eit kvalitativ forskningsprosjekt om par som har delteke i musikkaktivitetane til HOMESIDE
Abstract
Denne masteroppgåva er eit underprosjekt i HOMESIDE-prosjektet, og eg har teke for meg to par som har delteke i musikkaktivitetane der. Para som har delteke består av heimebuande par der ein av dei har demens. Med dette som utgangspunkt vart mi problemstilling: Korleis har deltakande par i HOMESIDE opplevd å delta i forskingsprosjektet og det å gjennomføre musikkaktivitetar heime?
Metoden for dette prosjektet er hermeneutisk kvalitativ, med intervju og dagbøker samla inn frå HOMESIDE og intervju eg har gjennomført sjølv. Då eg har teke for meg to av mange par som har delteke i HOMESIDE vart dette ein form for case study. Etter gjennomført analyse av innsamla datamateriell kunne drøfte resultata med utgangspunkt i relevante teoriar som støtter bruk av indirekte musikkterapi for eldre personar med demens som framleis bur heime med sin partnar.
Som resultat meiner eg at å lære bort korleis ein kan bruke musikk og musikkaktivitetar for personar med demens er eit godt tilbod for heimebuande par der ein av partane har fått påvist demens. Musikkaktivitetane kan vera eit avbrekk i kvardagen, legge til rutinar og betre samhaldet mellom dei i para.
Description
Norges musikkhøgskole. Masteroppgave. Musikkterapi