Kreativ musikkverkstad – ein arena for profesjonell utvikling i barnevernspedagogutdanninga?
Chapter, Peer reviewed
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2445639Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Artikler og bokkapitler [390]
Originalversjon
I: I transitt – mellom til og fra. Om musikk og deltagelse i barnevern, s. 81-105Sammendrag
I denne teksten vil eg diskutera valfaget Kreativ musikkverkstad i barnevernspedagogutdanninga ved Høgskulen i Oslo og Akershus. Med utgangspunkt i nokre teoretiske perspektiv og ei studentundersøking gjort hausten 2014 vil eg drøfta korleis faget og måten det blei jobba på kan bidra til å utvida studentane sin kompetanse i eit vidare og meir generelt danningsperspektiv. Studentane fortel at dei gjennom faget opplevde at dei blei betre kjende med seg sjølv, fekk meir mot, utforska eigne grenser og blei meir medvitne om betydinga av fleksibilitet, humor, respekt og meistring. Eg diskuterer teoretiske aspekt om m.a. danning og leik, og definerer omgrep som ‘profesjonell utvikling’ og ‘personleg kompetanse’. I tillegg vil teksten relaterast til rapportar både frå regjeringsoppnemnde utval og frå ungdommar med erfaring frå barnevernet. Eg foreslår at erfaringane frå deltaking i Kreativ musikkverkstad kan gjera barnevernspedagogen betre rusta til å tåla det komplekse og uføreseielege som pregar arbeidet med utsette barn og unge, og argumenterer for at undervisning som kan fremja utvikling av den personlege kompetansen bør styrkjast i (ut)danninga av framtidige barnevernspedagogar. Problemstillinga er: Korleis kan ein forstå valfaget Kreativ musikkverkstad som ein arena for å styrka og fremja profesjonell utvikling mot eit framtidig arbeid med utsette barn og unge?
Nøkkelord: Profesjonell utvikling, personleg kompetanse, aktivitetsfag, barnevernspedagogutdanninga,
kreative metodar i sosialt arbeid
Utgiver
Norges musikkhøgskole ; Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH)Serie
Skriftserie fra Senter for musikk og helse;9NMH-publikasjoner;2016:4