Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRoaldsnes, Merete Hoel
dc.date.accessioned2017-06-10T09:27:15Z
dc.date.available2017-06-10T09:27:15Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.citationI: I transitt – mellom til og fra. Om musikk og deltagelse i barnevern, s. 157-173nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-7853-217-1
dc.identifier.issn1893-3580
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2445644
dc.description.abstractVi er i dag vitne til ein enorm flyktningstraum til Europa. I denne straumen av menneske er det òg mange barn som er åleine på flukt. I 2015 opplyste 5297 av dei som søkte asyl i Noreg at dei var einslege mindreårige flyktningar. 92 % av dei som søkte på dette grunnlaget fekk opphaldsløyve. Barn og unge med bakgrunn som einslege mindreårige flyktningnar er både sårbare og ressurssterke. Dei er i ei risikogruppe med tanke på utvikling av psykiske helseproblem og treng gode og tilpassa omsorgstilbod. Kan musikkgruppe vere ein del av dette omsorgstilbodet? Tekstens problemstilling er: Kva kan deltaking i ei musikkgruppe bidra positivt til for ungdommar som har bakgrunn som einslege mindreårige flyktningar? Problemstillinga er utforska gjennom kvalitative forskingsintervju kor ei gruppe ungdommar deler sine erfaringar om deltaking i ei musikkgruppa leia av to musikkterapeutar. Resultata viser at ungdommane opplevde ei emosjonell endring ved å delta i musikkgruppa. Dei kjende seg betre under og etter musikkgruppa enn dei gjorde før gruppesamlinga. Dei positive emosjonane musikkgruppa var kjelde til, kan mellom anna knytast til at ungdommane opplevde musikkgruppa som ein arena for avleiing frå negative tankar og emosjonar. Det var godt for ungdommane å få eit avbrekk frå negative tankar og emosjonar knytt til deira fortid, kvardag og framtid. Teksten diskuterer desse aspekta i relasjon til kunnskap frå positiv psykologi, nærare bestemt dei positive emosjonanes funksjon (Fredrickson, 1998, 2000). Den drar også linjer til teoretiske perspektiv som hevar fram menneskets ressursar og menneskets rett til involvering og eigarskap i høve terapi- og omsorgstilbod (Rolvsjord, 2010; Watters, 2008, 2012). Diskusjonen dreier også inn på medråderett for einslege mindreårige flyktningar, ein rett som kan knytast til Barnekonvensjonens artikkel 12, der det heiter at alle barn har rett til å seie meininga si, og at deira meining skal bli tatt på alvor. Nøkkelord: Einslege mindreårige flyktningar, musikkgruppe, musikk som avleiing, positive emosjonar, medråderettnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorges musikkhøgskole ; Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesSkriftserie fra Senter for musikk og helse;9
dc.relation.ispartofseriesNMH-publikasjoner;2016:4
dc.subjecteinslege mindreårige flyktningarnb_NO
dc.subjectmusikkgruppenb_NO
dc.subjectmusikk som avleiingnb_NO
dc.subjectpositive emosjonarnb_NO
dc.subjectmedråderettnb_NO
dc.titleMusikk som avleiing og kjelde til positive emosjonar. Om deltaking i musikkgruppe for einslege mindreårige flyktningarnb_NO
dc.typeChapternb_NO
dc.typePeer reviewednb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Musikkvitenskap: 110::Musikkpedagogikk: 114nb_NO
dc.source.pagenumberS. 157-173nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel