dc.description.abstract | Samandrag. -
Tema for denne masteroppgåva er instrumentalundervisning, og formålet er å auke forståinga av kunnskapsgrunnlaget i instrumentalundervisning. Problemstillinga er: Korleis forstår fem fiolinpedagogar samanhengen mellom kompetansen til ei gruppe El Sistema-elevar og undervisningsforma gruppeundervisning? Eg har gjennomført kvalitative forskingsintervju med fem fiolinpedagogar. Pedagogane fekk sjå eit filmopptak av ei gruppe elevar som har fått fiolinundervisning gjennom prosjektet El Sistema Norge, der all undervisninga vert gitt om gruppeundervisning. Intervjua er analysert med ein induktiv og meiningsfokusert tilnærming.
Fiolinpedagogane meiner at fiolinelevar skal oppleve trivsel og meistring, at dei skal lære fiolinteknikk, notar, musikkteori, og at dei skal utvikle musikalitet og evne til samspel. Dei oppfattar at El Sistema-elevane på filmopptaket har ein varierande teknikk, men at den i hovudsak er svakare enn hjå jamnaldrande elevar som har spelt like lenge i kulturskolen. Dei meiner også at El Sistema-elevane speler godt saman, at dei er motiverte og konsentrerte, og at dei har godt gehør. Fiolinpedagogane ser ein samanheng mellom El Sistema-elevane sin kompetanse og det at dei har fått gruppeundervisning. Dei peiker på at elevane, samanlikna med kulturskoleelevar flest, har fått meir undervisningstid, meir sampel, og at dei viser meir motivasjon og speleglede, men at dei også har fått mindre individuell rettleiing.
Eg diskuterer pedagogane sine utsegn sett i lys av kunnskapsteori, og Frede V. Nielsen og Christopher Small sine teoriar om musikk og kunnskap i musikk. Eg peiker på at det er sider ved pedagogane si forståing som ikkje vert fanga opp at eksisterande teoretiske modellar, og eg foreslår derfor å konseptualisere kunnskapsgrunnlaget i instrumentalundervisning som eit binært omdreiingspunkt med ein kollektiv og ein individuell dimensjon.
Nøkkelord: El Sistema, fiolinundervisning, gruppeundervisning, instrumentalundervisning, kulturskole, kunnskap i musikk | nb_NO |