Historia mellom linjene : ein studie av musikalske forteljemåtar i ny norsk opera, representert ved Den fjerde nattevakt av Gisle Kverndokk, Ophelias : death by water singing av Henrik Hellstenius og No title performance and sparkling water av Maja S. K. Ratkje
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/172489Utgivelsesdato
2011-03-16Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Masteroppgaver [284]
Sammendrag
I denne oppgåva studerer eg tre norske operaer, tilkomne i perioden 2003-2005, med det som mål å få eit inntrykk av forteljarstrategiar som er i spel. Oppgåva tek utgangspunkt i Joseph Kerman sitt arbeid «Opera as drama» (1988), der Kerman framhevar komponisten som den fremste historieforteljaren i opera, eksemplifisert gjennom verk skrivne før 1950.
Gjennom inngåande analyser av dei tre nyare verka, ynskjer eg å få eit innblikk i somme av dei forteljarstrategiane som er i spel i dag. Kva forteljemåtar har tre nolevande norske komponistar nytta seg av når dei skal skildra operaen sine karakterar gjennom musikalske verkemiddel? Kva sentrale strategiar tek dei i bruk når dei går inn i rolla som dramatikarar? Og kan Kerman sine skildringar av operaen sine musikalske verkemiddel vera relevante for å forstå moderne, norske verk?
Fokuset på forteljemåtar spring ut av ei forståing av opera som eit formidlande uttrykk, der eit narrativ i ei eller anna form er tenkt formidla til eit publikum. Ei slik haldning kan i første omgang synast grunnleggjande, men innan ein del nyare dramaformer er ikkje den aristoteliske forteljarmåten like sjølvsagt som før. Innan teateret finn ein døme på framsyningar som utfordrar det tradisjonelle tilhøvet mellom utøvarar og publikum og som stiller spørsmål ved måten me normalt har presentert eit meiningsinnhald på. Eit anna delmål i oppgåva vert dermed å belysa kor vidt komponistane i val av libretto og handsaminga av denne er inspirert av utviklinga mot fleire former for forteljing i teateret, eller om dei heller innrettar seg mot den aristoteliske forma for forteljing som har dominert store deler av operatradisjonen sitt repertoar.
Beskrivelse
Norges musikkhøgskole. Masteroppgave. Anvendt musikkteori