Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNebelung, Ingeborg
dc.date.accessioned2012-06-11T09:35:54Z
dc.date.available2012-06-11T09:35:54Z
dc.date.issued2012-06-11
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/172512
dc.descriptionNorges musikkhøgskole. Masteroppgave. Musikkterapino_NO
dc.description.abstractFormålet med denne studien er å skaffe innsikt i korleis musikkterapeutar forstår omgrepet meistringsopplevingar, og kor sentralt dei meiner fenomenet er i musikkterapeutisk praksis. Eg ønsker å samle inn og skildre ulike aspekt ved vår felles forståing av dette fenomenet. Problemstillinga eg ønsker å sette lys på, er denne: Korleis forstår musikkterapeutar fenomenet meistringsopplevingar? Det er viktig for meg å framheve at i denne teksten er det altså musikkterapeutane sine refleksjonar rundt klienten si oppleving eg er ute etter å skildre. Klienten si oppleving er sjølvsagt også eit interessant tema, men det vil ikkje vere mitt fokus i denne samanhengen. For å kunne utforske problemstillinga nærmare, må eg undersøke korleis musikkterapeutar reflekterer rundt dette omgrepet. Meistringsomgrepet er breitt og samansett, og meistringsteoriane er mange og fordelt på fleire fagfelt. Dette vil eg komme nærmare inn på i kapittel 3. Først vil eg definere kva eg legg i omgrepet ”meistringsoppleving”. Eg vil nytte Gunn Imsen sin definisjon av meistring som utgangspunkt for forståinga av kva denne teksten skal omhandle. Ho framhevar at meistring er ei kjensle av styrke, fridom og tillit til eigne krefter (Imsen 2008). Dette vil vere utgangspunktet for drøfting av omgrepet. Likevel anar det meg at ei meistringsoppleving i musikkterapeutisk samanheng vil vere noko anna eller noko meir enn dette. Kva dette kan vere, vil vere utgangspunktet for denne studien. Eg vil i størst grad fokusere på dei positive meistringsopplevingane som kan oppstå i musikkterapi. Eg er fullt klar over at meistringsopplevingar også kan vere med negativt forteikn, noko teksten ikkje vil omhandle i særleg grad. Dette som eg vel å sjå på som ”ikkjemeistring”, vil eg kome inn på under punkt 4.1, ”Meistringsbehov”. Musikkterapi er endå eit relativt nytt fagfelt i Norge, og forsking på sentrale aspekt vedrørande vår musikkterapeutiske praksis er viktig for ei djupare forståing av musikkterapien som fagfelt, musikkterapeuten sin yrkesidentitet og våre felles haldningar. Etter det eg veit, har det ikkje tidlegare vore gjort ei intervjuundersøking som omhandlar musikkterapeutar sine refleksjonar rundt fenomenet meistringsopplevingar i sin praksis. Kapittel 2 skildrar metoden eg har nytta til dette prosjektet. Her presenterer eg metodegrunnlaget for teksten og refleksjonar rundt dette. I kapittel 3 vil eg vise til sentral litteratur og forsking på meistringsteori og sjølvoppfatting i første del, før eg i andre del tek meistringsteoriane og sjølvoppfattingsomgrepet inn på den musikkterapeutiske arena og set lys på dei utifrå ein musikkterapeutisk vinkel. I kapittel 4 presenterer eg analysen av datamaterialet mitt, og drøftar funna opp mot relevant teori. I kapittel 5 rundar eg av, summerer opp og kjem med tankar rundt vidare arbeid.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.relation.ispartofseriesNorges musikkhøgskole. Masteroppgave. Musikkterapi;2010
dc.subjectmusikkterapino_NO
dc.subjectmestringsopplevelserno_NO
dc.subjectmestringno_NO
dc.subjectintervjuundersøkelseno_NO
dc.titleMeistringsopplevingar og musikkterapi : - ei intervjuundersøkingno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Musicology: 110::Music therapy: 113no_NO
dc.source.pagenumber64 s.no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Masteroppgaver [283]
    Masteroppgaver levert ved Norges musikkhøgskole

Vis enkel innførsel