Chasing the Collaborative. Critical studies of performer agency in modern flute music
Doctoral thesis
Accepted version
View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Ph.d.-avhandlinger [65]
Abstract
Abstract. - How are developments in musical materiality connected to changes in the way composers and performers collaborate? This thesis is a search for traces of collaborative practice within the creation and performance of modern flute music from three perspectives: historical musicology, interview-based research and artistic research. From the perspective of historical musicology I trace the history of one of the first novel instrumental techniques for flute. My understanding of these developments is then deepened through the analysis of extensive research interviews with flutist Roberto Fabbriciani. Finally, the findings from these two processes are operationalized in a sequence of performance-based research, in which I explore, experiment with and extend the different practices connected to the flute part of Luigi Nono’s Das atmende Klarsein. In a complementary fashion, these elements exemplify how the advent of experimental methods and collaborative practice have influenced and changed the role played by performers in the
creation of music, necessitating a rethinking of the notion of performer agency in music. These changes are traced in historical sources, verbalized in interviews, and investigated through artistic research.
Part I, which traces the history of the key click, illuminates changes in both materiality and practice, a gradual reconfiguration of the manner in which the flute is played. Part II, in which interviews and dialogues with the flutist Roberto Fabbriciani are analysed, shows how this reconfiguration of instrumental conventions has manifested itself in the practice of a significant performer. Then, in Part III, the analyses of these specialist narratives are used to inform performance and creation processes in and around Luigi Nono’s composition Das atmende Klarsein, using the flute part of this composition as a prism for viewing changes in performer agency. This thick description of the gradual establishment of a new way of playing the flute offers a verbalization of skill sets, aesthetics, roles and tasks within contemporary music performance, casting new light on the origin of the sonic material found in different compositions. The uncovering of the complexities around intentional and unintentional erasure of performers is a byproduct of this process.
Bringing into relationship sound, collaboration, newness and agency, the thesis represents a concerted effort to calibrate our understanding of what performers do as music is made, recorded, performed and experienced. The joining together of studies of musical materiality, performer competency and collaboration in compositional practice using a synthesis of historical, social and artistic research methods, is a methodological consequence, and it forms a central feature of the thesis’ contribution to research. Samandrag. - Kva betydning har skifte i samarbeidspraksis mellom utøvarar og komponistar hatt for utvikling av musikalsk materialitet? Denne avhandlinga søkjer å kartlegga endringar i den musikalske skapingsprosessen innan moderne instrumentalmusikk for fløyte gjennom studiar av musikalsk materialitet, utøvarkompetanse, og kompositoriske samarbeidsprosessar. Avhandlinga teiknar opp eit komplekst bilete av samanhengen mellom klang, samarbeid og nyskaping, og utgjer eit målretta forsøk på å finstilla korleis ein best kan forstå kva utøvarar gjer når musikk blir laga, spelt og framført.
Tre ulike perspektiv og metodar stør dette søket: den historiske musikkvitskapen, intervjubasert forsking og kunstnarleg forsking. Med utgangspunkt i det musikkvitskaplege perspektivet skriv eg historia til ein av dei fyrste nye instrumentalteknikkane for fløyte, the key click. Mi lesing av denne utviklinga blir dernest utdjupa gjennom analysar av eit omfattande intervjumateriale med fløytisten Roberto Fabbriciani. Funna frå begge desse prosessane blir til slutt sett i spel gjennom praksisbasert forsking. Her blir ulike komponentar bak utviklinga av fløytestemma i Das atmende Klarsein av Luigi Nono undersøkt, eksperimentert med og utvida.
Avhandlinga viser korleis den aukande bruken av eksperimentelle metodar og workshop-prosessar har påverka og endra utøvarrolla i musikalske komposisjonsprosessar. Historia til key click’et (Del I) syner ei endring i musikalsk materialitet og praksis, ei gradvis omforming av måtar fløyta kan bli spelt på. Intervjuanalysen (del II) skildrar korleis slike endringar har manifestert seg i praksisen til ein sentral utøvar. Analysane av framleggingane til utøvaren og blikket han har omkring eige arbeid blir deretter teke med inn i, og nytta som grunnlag for, nye musikalske framførings- og utviklingsprosessar. Fabbriciani og Nono sitt arbeid med å utvikle fløytestemma i Das atmende Klarsein blir her nytta som eit prisme for å sjå nærare på korleis utøvarar sitt musikalske handlingsrom har endra seg i perioden (del III).
Skildringa av denne gradvise endringa kombinerer ulike kjelder for å verbalisere roller og oppgåver innan samtidsmusikalsk oppføringspraksis. Eit produkt av denne syntesen er ei avdekking av tilsikta og utilsikta tilsløring av utøvarar si rolle i skapande prosessar. Dette blir tydeleggjort gjennom avhandlinga sitt fleirspektra forskingsdesign, som også utgjer ein sentral komponent i prosjektet sitt vitskaplege bidrag.
Description
Dissertation for the PhD degree Norwegian Academy of Music, Oslo 2022. - Avhandling (Ph.D.) - Norges musikkhøgskole, 2022