Våg å tenk stort, våg å tenk enkelt : om skulekonserttilbod for spesialskular
Master thesis
View/ Open
Date
2012-10-16Metadata
Show full item recordCollections
- Masteroppgaver [284]
Abstract
Denne teksten handlar om gjennomføring av skulekonsertar på spesialskular. Desse skulane har på lik linje rett til eit skulekonserttilbod frå Den kulturelle skulesekken (DKS) som andre skular. Eg freistar å finne ut av kva som fungerar ved skulekonserttilbodet ved å svare på problemstillinga: Kva erfaringar har musikarar og kulturkontaktar i forhold til gjennomføring av skulekonsertar i møte med elevar med særskilde behov på spesialskular? Eg vil fokusere på det musikalske møtet mellom musikar og målgruppe og sjå på formidling i eit samhandlingsperspektiv. Som grunnlag for dette vel eg å bruke teori av Christopher Small (1998), Hans- Georg Gadamer (1997) og Dorothy Irving (1977). Eg vil vidare diskutere skulekonserttilbodet i lys av diskursfeltet samfunnsmusikkterapi, der eg ynskjer å skape ei bevisstgjering rundt kompetansen fagfeltet har. Oppgåva tek for seg rettar borna har i forhold til kulturtilbodet og kvifor slike tiltak kan vere viktige. Gjennom kvalitative intervju med tre musikarar frå formidlarsida og frå mottakarsida, tre kulturkontaktar gjorde eg funn som handlar om gjennomføring frå forarbeid til sjølve konserten og tankar rundt funksjon, meining og mål med skulekonserttilbodet. Etter inspirasjon av systematisk tekstkondensering som analyse kom eg fram til fem rådande tema som eg har valt å kalle tydingsfulle verkemiddel, kommunikasjon, tilrettelegging, målsetjing og haldning og handling. Eit relasjonelt perspektiv i formidling står sentralt etter analyse og sett i samanheng med musikkestetikken.
Description
Norges musikkhøgskole. Masteroppgave. Musikkterapi