Hvis vi vinner får vi pizza! Ein kvalitativ studie om skulekorps og konkurransedeltaking.
Abstract
Samandrag -
Denne avhandlinga undersøkjer korleis bruk av korpskonkurranse som pedagogisk verkemiddel kan ha innverknad på eit skulekorps si utvikling. Hensikta har vore å setje søkelys på bruken av konkurranse i norske skulekorps og belyse kva haldningar og syn som trer fram blant musikantane og dei vaksne i korpset. Undersøkinga er gjennomført med ei kvalitativ tilnærming, med bruk av observasjon av korpsøvingar og semistrukturerte gruppeintervju. Studien fokuserer på to skulekorps i Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin region Øst, og følgjer desse gjennom oppkøyringa til deltaking på Distriktsmesterskapet 2019. Informantane i studien er eit utval av musikantane i dei to skulekorpsa, totalt 14 informantar, sju i kvart korps. Informantane hadde aldersvariasjonar frå 9 til 19 år, og hadde jamn fordeling mellom instrumentgruppene i det respektive korps.
Funna vert kategorisert utifrå korleis konkurransedeltakinga kjem til syne i praksis, kva haldningar som kjem fram hos vaksne og kva syn og haldningar musikantane i skulekorpset har på deltaking i korpskonkurransar. Funna i studien vert så drøfta i lys av av aktivitetsteoriske og motivasjonsteoretiske perspektiv.
Studien peikar mot at innverknaden konkurranse kan ha på eit skulekorps vil avhenge av ei rekke faktorar i og rundt korpset, potensielt både positivt og negativt. Konkurransedommarar vert tilskrivne stor påverknadskraft på innverknaden konkurransedeltakinga kan ha for skulekorps, saman med dirigentane sine val av repertoar og pedagogiske og didaktiske val.
Nøkkelord: Skolekorps, musikk, konkurranse, motivasjon, sjølvbestemmelsesteori, aktivitetsteori, mediering Summary -
“If we win, we get pizza!” – A qualitative study about marching band and competition participation.
This dissertation examines how the use of marching band competition as an educational tool may influence the development of a school marching band. The purpose has been to turn the spotlight to the use of competition in Norwegian school bands and to shed light on the attitudes and views that emerge among the children and the adults in the band. The survey was carried out with a qualitative approach, using observation of band rehearsals and semi-structured group interviews. The study focuses on two school bands in the Norwegian Association of Marching Bands’ (NMF) region East, and follows them through the call for participation in the District Championship 2019. The informants in the study are a selection of the children in the two school bands, a total of 14 informants, seven in each band. Ages of informants ranged from 9 to 19 years old, with an even distribution amongst the instrument groups in the respective bands.
Findings are categorized according to how competition participation appears in practice, what attitudes that emerge from adults and what views and attitudes the children in the school band have towards participation in competitions. The findings in the study is then discussed in light of activity-theoretical and motivation-theoretical perspectives.
The study points towards that the impact competition may have on a school band depends on a number of factors in and around the band, potentially both positive and negative. Competition judges host great influence on the impact competition can have for school bands, along with the conductors' choices of repertoire and pedagogical and didactic choices.
Keywords: School band, music, competition, motivation, self-determination theory, activity theory, mediation
Description
Norges musikkhøgskole. Masteroppgave. Musikkpedagogikk