«Å spele for livet med hjartet i halsen»: Om helse, Bakhtinsk dialog og eksistensielle overtonar i musikkterapi med barn med multifunksjonshemming
Chapter, Peer reviewed
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/172263Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Artikler og bokkapitler [390]
Originalversjon
Kapittel i boken: Musikk, helse, multifunksjonshemmingSammendrag
Eg vil i denne artikkelen argumentere for at musikkterapien er ein måte å feire helsa på, og at musikkterapeuten har eit slags etisk ansvar for at så skjer. Det vil eg gjere ved å utforske nokre mogelege samanhengar mellom musikkterapien og omgrep som helse og dialog. Når det gjeld det siste, dialog, vil eg ta føre meg den russiske lingvisten og tenkjaren Mikhail M. Bakhtins dialogomgrep, særleg dei aspekta ved dialogfilosofien hans som vedgår relasjon og etikk. Bakhtins dialog blir difor eit hovudpoeng i denne teksten og vil ha det største tyngdepunktet. Datamaterialet og ein del av tankegodset stammar frå mi Bakhtininspirerte doktoravhandling Musical Answerability (Stensæth 2008). Når det gjeld helse viser eg til nokre generelle og aktuelle teoretiske aspekt, men eg vil også dra inn mine eigne og andre musikkterapeutars forståingar av helse. Med ein ambisjon om å inkludere konkrete og praksisnære skildringar, visast det også til loggnotatar frå ein musikkterapitime på ein spesialskole der eg er musikkterapeut og improviserer med ein klient. Klienten, «Ola», er elev på skulen. Han er ein gut på 17 år som har multifunksjonshemming. Eg vil presisere at refleksjonane frå denne settinga i hovudsak skal tene som eksempel på korleis ein som musikkterapeut kan tenkje i ei musikkterapisetting. Teksten vil altså bevege seg mellom ulike refleksjonsnivå, slik at både teoretisk refleksjon og introspeksjon går om ein annan. Ein viktig motivasjon for å skrive denne teksten er forbunden med eit behov for å argumentere for musikkterapiens plass i eit større samfunnsperspektiv. Eg vil presisere at når eg snakkar om «samfunnet» i denne teksten så refererer eg til ei gruppe menneske i Norge i vår tid med sams tru, meiningar, føremål. Det kan t.d. dreie seg om personar som ikkje tilhøyrer dei nærmaste sirklane rundt klienten og som i liten grad kjenner til både musikkterapi og multifunksjonshemming, eller det kan vere personar med makt til å bestemme over mål og tiltak for klienten som er omtala her (politikarar, t.d. innanfor helse- og omsorgssektoren).
Utgiver
Norges musikkhøgskoleSerie
NMH-publikasjoner;2010:2Skriftserie fra Senter for musikk og helse;3