Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStensæth, Karette
dc.date.accessioned2012-06-25T13:24:19Z
dc.date.available2012-06-25T13:24:19Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.citationI: Musikk, helse, identitet, s. 161-178no_NO
dc.identifier.isbn978-82-7853-068-9
dc.identifier.issn0333-3760
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/172335
dc.description.abstract"Petter" er 10 år og går i 5. klasse på ein godt etablert spesialskole i Austlandsområdet. Denne skolen har kor for alle kvar måndag, og som vi skal sjå utviklar Petter eit spesielt forhold til skolekoret. Det er særleg ei hending på ein bestemt måndag ein vårdag for eit par år tilbake som verkar å vere grensesprengjande i så måte. Denne teksten handlar om denne hendinga og om Petters historie spesielt. Eg vil reflektere generelt over kva slags rolle skolekoret som del av ein kontekst kan spele for ein gut som han. Dette vil eg så sjå i forhold til utvalde perspektiv på helse og identitet. Eg vil presisere at min presentasjon av Petter og hans historie ikkje byggjer direkte på fakta, men at det dreiar seg om mine tolkingar og framstillingar. Desse igjen er basert på beskrivingar slik dei blei formidla til meg i eit intervju med ein av dei tilsette ved skolen (heretter kalla informanten). Intervjuet er ein pilot som er i starten på eit forskingsprosjekt som tar for seg samanhangen mellom musikk, helse og identitetsbygging hos barn.2 I tittelen ”Å skape sin eigen veg heim”, refererer ”heim” til identitet, medan ”veg” peikar på identitet som prosess. Og med verbet ”skape” forstår eg prosessen som nært forbunde med kreativ-estetisk utfalding. Musikalsk utfalding vil da få særleg interesse her. Først vil eg presentere Petter nærmare. Så vil eg kome tilbake til overskrifta og ei utdjuping av denne. Deretter diskuterer eg korleis mine tolkingar og perspektiv kan fungere som ei forklaring på forholdet mellom Petters historie og musikk, helse og identitet. Eg har funne det meiningsfylt å knyte mine forståingar til ein filosof eg etterkvart kjenner godt til gjennom mitt doktorgradsarbeid (Stensæth 2008), nemleg Mikhail Bakhtin (1895-1975). Her vil Bakhtins omgrep ”karneval” få ein særskilt sentral plass som metafor for å forstå kontekstens rolle. Det blir også tyngdepunktet i denne framstillinga. Andre perspektiv er tatt med også, dvs nokre filosofiske aspekt frå leikteori og noko frå utviklingspsykologi og – sosiologi samt musikkterapiteori.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherNorges musikkhøgskoleno_NO
dc.relation.ispartofseriesNMH-publikasjoner;2011:3
dc.relation.ispartofseriesSkriftserie fra Senter for musikk og helse;4
dc.subjectmusikkno_NO
dc.subjectidentitetno_NO
dc.subjectidentitetsbyggingno_NO
dc.subjectspesialskoleno_NO
dc.titleÅ skape sin eigen veg heim : om identitetsbygging gjennom musikk hos eit barn på ein spesialskoleno_NO
dc.typeChapterno_NO
dc.typePeer reviewedno_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Musicology: 110::Music pedagogics: 114no_NO
dc.source.pagenumberS. 161-178no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel