Musikk som avleiing og kjelde til positive emosjonar. Om deltaking i musikkgruppe for einslege mindreårige flyktningar
Chapter, Peer reviewed
View/ Open
Date
2016Metadata
Show full item recordCollections
- Artikler og bokkapitler [390]
Original version
I: I transitt – mellom til og fra. Om musikk og deltagelse i barnevern, s. 157-173Abstract
Vi er i dag vitne til ein enorm flyktningstraum til Europa. I denne straumen av menneske er det òg mange barn som er åleine på flukt. I 2015 opplyste 5297 av dei som søkte asyl i Noreg at dei var einslege mindreårige flyktningar. 92 % av dei som søkte på dette grunnlaget fekk opphaldsløyve. Barn og unge med bakgrunn som einslege mindreårige flyktningnar er både sårbare og ressurssterke. Dei er i ei risikogruppe med tanke på utvikling av psykiske helseproblem og treng gode og tilpassa omsorgstilbod. Kan musikkgruppe vere ein del av dette omsorgstilbodet? Tekstens problemstilling er: Kva kan deltaking i ei musikkgruppe bidra positivt til for ungdommar som har bakgrunn som einslege mindreårige flyktningar? Problemstillinga er utforska gjennom kvalitative forskingsintervju kor ei gruppe ungdommar deler sine erfaringar om deltaking i ei musikkgruppa leia av to musikkterapeutar. Resultata viser at ungdommane opplevde ei emosjonell endring ved å delta i musikkgruppa. Dei kjende seg betre under og etter musikkgruppa enn dei gjorde før gruppesamlinga. Dei positive emosjonane musikkgruppa var kjelde til, kan mellom anna knytast til at ungdommane opplevde musikkgruppa som ein arena for avleiing frå negative tankar og emosjonar. Det var godt for ungdommane å få eit avbrekk frå negative tankar og emosjonar knytt til deira fortid, kvardag og framtid. Teksten diskuterer desse aspekta i relasjon til kunnskap frå positiv psykologi, nærare bestemt dei positive emosjonanes funksjon (Fredrickson, 1998, 2000). Den drar også linjer til teoretiske perspektiv som hevar fram menneskets ressursar og menneskets rett til involvering og eigarskap i høve terapi- og omsorgstilbod (Rolvsjord, 2010; Watters, 2008, 2012). Diskusjonen dreier også inn på medråderett for einslege mindreårige flyktningar, ein rett som kan knytast til Barnekonvensjonens artikkel 12, der det heiter at alle barn har rett til å seie meininga si, og at deira meining skal bli tatt på alvor.
Nøkkelord: Einslege mindreårige flyktningar, musikkgruppe, musikk som avleiing, positive emosjonar, medråderett
Publisher
Norges musikkhøgskole ; Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH)Series
Skriftserie fra Senter for musikk og helse;9NMH-publikasjoner;2016:4