Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStensæth, Karette
dc.date.accessioned2018-06-26T12:24:59Z
dc.date.available2018-06-26T12:24:59Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.citationI: Musikk, handlinger, muligheter. Festskrift til Even Ruud, s. 55-68nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-7853-226-3 (interaktiv pdf)
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2503041
dc.description.abstractMusikkterapi er tradisjonelt ein aktiv møteplass for musikalske handlingar mellom klient og terapeut. Handling, det å gjere musikk, står i sentrum. Det er da kanskje påfallande at Even Ruuds tidlege definisjon «musikkterapi er å gi nye handlemuligheter» (jf. Ruud, 1980, 1998) fortsatt er ein av få som framhevar nettopp handling? Denne teksten spør: Kva slags handlingsomgrep kan ligge til grunn i Ruuds definisjon? Eg foreslår eit omgrep som er tråd med sosiologen Dag Østerbergs (1993, 1997, 2003) praktiske handlingsforståing. Her er handling framstilt som eit praktisk og sosialt fenomen som fordrar vurdering ut frå moralske normer og standardar i det mellommenneskelige felt. Det betyr at 1) innhaldet i handlinga søkjast i relasjonen mellom personar som kommuniserer med kvarandre og at 2) handling er noko som i utgangspunktet er ubestemt og at handlingsutøvinga trer fram i handlinga. Det gjeld særleg den spontant utfaldande handlinga, som berre er mogleg med eit improvisatorisk preg. Ei slik handlingsforståing forklarar for meg vesentlege trekk ved musikkterapien: Ho viser at menneske, handling og situasjon er nært forbunde, og at handlinga i eit her-og-no fort kan ta andre og nye vegar enn det ein først har tenkt. Det skjer fordi handlinga her og no er oppfatta som open og fleirtydig, og nettopp moglegheitsfull. Dermed skimtast også «nye handlingsmuligheter» inni handlinga, og ikkje berre som eit resultat av musikkterapien. Handling blir slik også ein føresetnad for musikkterapi, ikkje berre eit mål. Men nye handlingsmoglegheiter veks ikkje ut av (tilfeldige og spontane) handlingar aleine. Musikkterapeuten må også bruke dei kommunikative og improvisatoriske evnene og kompetansane sine i handlingsutfaldinga. Det gjer ho ved å ta nærleiksetiske skjønnsvurderingar og ved å posisjonere seg dialogisk overfor klienten. Nøkkelord: Handling, intensjon, etikk, musikkterapeuten, handlingsfellesskapnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorges musikkhøgskolenb_NO
dc.relation.ispartofseriesNMH-publikasjoner;2017:4
dc.relation.ispartofseriesSkriftserie fra Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH);10
dc.subjecthandlingnb_NO
dc.subjectintensjonnb_NO
dc.subjectetikknb_NO
dc.subjectmusikkterapeutennb_NO
dc.subjecthandlingsfellesskapnb_NO
dc.title«Nye handlemuligheter» gjennom handling?nb_NO
dc.typeChapternb_NO
dc.typePeer reviewednb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Musikkvitenskap: 110::Musikkterapi: 113nb_NO
dc.source.pagenumberS. 55-68nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel