Kva kan musikkterpi vere?
Chapter, Peer reviewed
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2503045Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Artikler og bokkapitler [390]
Originalversjon
I: Musikk, handlinger, muligheter. Festskrift til Even Ruud, s. 41-53Sammendrag
Even Ruuds bok Hva er musikkterapi? kom ut i 1980, midt i ei brytningstid for norsk musikkterapi. Ei toårig vidareutdanning i musikkterapi var nettopp etablert ved Østlandets Musikkonservatorium. Spørsmålet om kva musikkterapi kan vere vart då eit ålment spørsmål, og Ruud skriv musikkterapien inn i debattar som prega norsk samfunnsliv på denne tida. Han drøftar tilhøvet mellom musikk, terapi og samfunn og åtvarar mot musikkterapi som «musikalsk farmakologi». Slik argumenterer han for ein samfunnsengasjert musikkterapi som kan bidra til å byggje vilkår for handling og deltaking. No var ikkje Ruuds tekst rik på praksiseksempel som kunne støtte opp om denne visjonen, men argumentasjonen har vore med på å forme fagutviklinga her i landet og har også bidrege til at norsk musikkterapi har utvikla samarbeidsrelasjonar med musikkpedagogikken, musikksosiologien og andre delar av ein moderne tverrfagleg musikkvitskap. Spørsmålet mitt er om Hva er musikkterapi? også kan gje perspektiv på norsk musikkterapi i dag. Medan ein i 1980 stod i ei brytningstid der musikkterapi for første gong vart anerkjend som offentleg finansiert utdanning på høgskule- og universitetsnivå, står vi i dag i ei brytningstid der musikkterapi for første gong er tatt inn i nasjonale faglege retningslinjer for behandling. Igjen vert spørsmål om fagidentitet og tilhøvet mellom fag og samfunn prekære. Kva kan musikkterapi vere? Eitt av Ruud sine svar er at vi ikkje kan stille dette spørsmålet utan at vi også spør kva musikk kan vere.
Nøkkelord: Fagidentitet, fag og samfunn, musikk som handling, terapi som nye handlemogelegheiter.
Utgiver
Norges musikkhøgskoleSerie
NMH-publikasjoner;2017:4Skriftserie fra Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH);10