"Eg har så vondt i dag, eg orkar ingenting!"
Chapter
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2627795Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Artikler og bokkapitler [390]
Originalversjon
I: Musikkterapi i praksis, s. 89-94Sammendrag
Britt på 70 har nettopp vorte innlagt på alderspsykiatrisk avdeling. Ho har KOLS, ein mild kognitiv svikt – i tillegg til angst og depresjon. Ein anar også konturane av ei medikamentavhengighet. Ho er lidande, og heimetilværet har gått over stokk og stein, både i høve til kosthald, sosial omgang med både vener og familie, og ikkje minst eigenomsorg. Ho stumpa røyken i fjor, på grunn av KOLS, men har erstatta denne med eit omfattande medikamentforbruk. Britt snakkar tungt og pustar dårleg – ho er livredd for å overanstrenge seg. Sjekkar surstoffkolben mange gonger i timen. På eit nivå ser ho sjølv at dette ikkje kan gå i lengden, og går difor med på å bli lagt inn til eit utrednings- og behandlingsopphald. På avdelinga vert det sett mål for opphaldet saman med Britt, og ho får eit tverrfagleg og heilskapleg tilbod som skal fylgje henne gjennom kognitiv utredning, ADL-vurdering, medikamentavvenning og behandling av angst og depresjon. Ein skal også jobbe framover, med tanke på livet i etterkant av sjukehusinnleggjinga.