”Til alle som har falt… en gang”. Erfaringar frå rusførebyggjande konsertføredrag for konfirmantungdomar
Chapter, Peer reviewed
View/ Open
Date
2016Metadata
Show full item recordCollections
- Artikler og bokkapitler [390]
Original version
I: I transitt – mellom til og fra. Om musikk og deltagelse i barnevern, s. 191-209Abstract
Temaet for denne teksten er ungdom sitt forhold til rus og førebygging. Teksten tar for seg refleksjonar hjå fem humanistiske konfirmantungdomar som deltok i eit fokusgruppeintervju i etterkant av eit rusførebyggjande konsertføredrag med rockebandet Gatens Evangelium. Problemformuleringa er: Korleis kan konsertføredrag nyttast som rusførebyggjande tiltak for konfirmantungdom? I følgje konfirmantungdomane fungerte konsertføredraget til Gatens Evangelium rusførebyggjande fordi musikk i kombinasjon med føredrag utgjorde ein unik funksjon, som romma det å vera eit sterkt ekspressivt uttrykk som samtidig skjerpa konsentrasjonen til tilhøyrarane. Dessutan understrekte ungdomane kor viktig det var å få eit innblikk i rusverda, og at dette vart formidla av brukarar med erfaringskompetanse på feltet. Refleksjonane til konfirmasjonsungdomane vert drøfta i lys av teori om konsertføredrag som musikkterapeutisk metode, samfunnsmusikkterapi og narrative perspektiv. I tillegg vert nokre relevante sider ved førebygging diskutert. Blant anna påpeikar teksten at om førebygging skal fungere, må den komme inn tidleg for å motverke marginalisering og utanforskap. Sett i lys av dette konkluderer teksten med at Gatens Evangelium sitt rusførebyggjande konsertføredrag kan vere eit veleigna førebyggjande tiltak for risikoutsette ungdomar.
Nøkkelord: Ungdom, rus, førebygging, konsertføredrag, brukarperspektiv
Publisher
Norges musikkhøgskole ; Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH)Series
Skriftserie fra Senter for musikk og helse;9NMH-publikasjoner;2016:4